Om Kraftverket

 

  • Dale Kraft AS vart skipa 7. november 2003. Det er eit lokalt eigd aksjeselskap med 6 aksjonærar.
  • Vi fekk fritak for konsesjon frå NVE på utbygging hausten 2002. Då hadde det gått ca. 1,5 år sidan vi sende papira for vurdering av konsesjon.
  • Kraftstasjonen ligg på Dale i Sværefjorden i Balestrand kommune, og produserar straum av vatnet i Daleelvi.
  • Bygginga starta opp vinteren 2004 med utplanering av røyr-trasé, og fyrste røyret vart lagt 18.05.2004.
  • Produksjonen starta opp 29.06.2005.
  • Vi utnyttar fallet mellom kote 280 og 15, noko som gjev eit brutto fall på 265 m.
  • Vi har eit nedslagsfelt på 10,1 km2, av dette er omlag 1 km2 isbreen Bjødnabreen.
  • Ei midlere årsavrenning på 788 l/sek.
  • Anlegget har ei slukevne på 1325 l./sek. som er 168 % av middelvassføringa
  • Anlegget har ein berekna årsprodusjon på 10,6 GWh
  • Røyrgata vart av NVE klassifisert i bruddkonsekvensklasse 2 på grunn av at traseen går nær busetnad og kan skade riksvegen ved eventuelle brudd. Av den grunn har me montert ein automatisk røyrbruddsventil ved inntaket.
  • Røyrgata er på 1325 m.
  • Røyrgata er nedgreven på heile strekningen og ligg med ein overdekning på min. 1 m.
  • Vi har brukt ca. 3 m3 omfyllingsmassar pr. lengdemeter, totalt ca. 4000 m3
  • Grøftetrassen ligg mesteparten i lausmassar, men vi hadde ca. 100 m. sprengd grøft.
  • Heile røyrgata er lagt utan å bruke bend. Ein har nytta seg av maks. tillatte avsett pr. røyrskøyt, For duktile støypejernsrøyr tilsvarar det ein kurve med radius på 130 m. og for glassfiberrøyr 180 m.
  • Dimensjonen på røyra er 700 mm.
  • Vi har lagt 560 m. med duktile støypejernsrøyr nederst, resterande med GUP eller glassfiberrøyr i forskjellige trykk - klassar frå PN16 og nedover
  • Ved inntaket har vi etablert ein dam på ca. 500 m2
  • Vi har eit tokamra inntakskammer med finrist mellom, og i tillegg eit tørrkammer der lufting og stengeventil er montert.
  • Dam og inntak er fundamentert på fjell
  • Over inntaket har vi bygd hus, for å unngå snø og isproblem. I tillegg har vi lagt straum og signalkabel til inntaket
  • Kraftstasjonen ligg på kote 15. Han har ei golvflate på 125 m2 og består av maskinsal, kontrollrom, høgspentrom, kontor/opphaldsrom og to lager-rom
  • I maskinsalen er det montert ein 5 stråla vertikal pelton turbin med ei slukevne på 1325 l/sek.
  • Generatoren er på 3300 kVA og har ein spenning på 1000 V og 750 omd./min
  • Generatoren er vasskjølt med glidelager
  • Maks ytelse ut frå generator er ca. 2950 kw.
  • Turbinen er svært fleksibel. Han har virkningsområde frå full last på ca. 2950 kw til under 2% av maks. yting, tilsvararande ca. 50 kw.
  • Min. slukevne vert ca. 30 l/sek
  • Ut frå dette reknar me ikkje med at det i vert mange timane driftsstans som skuldast mangel på vatn
  • Det er eit PLS styringsanlegg som regulerar pådraget til turbin automatisk i forhold til vasstilførsla ved inntaket
  • I tillegg er det eit kontroll- og apparat-anlegg som er hjernen og styrer heile anlegget.
  • I tillegg har vi høgspentanlegg med tilhøyrande utstyr
  • Frå høgspentanlegget er høgspent kabel lagt i grøft ca. 150 m. fram til eksisterande høgspentlinje der vi knyter oss inn på nettet.
  • Dale Kraft AS har fått eigen konsesjon på drifting av høgspentanlegget
  • Dale Kraft AS har fått konsesjon for levering av kraft til eigarane, og frå oktober 2007 vert desse forsynte med straum via eige lågspentnett.
  • Ved utforminga av stasjon og inntak har ein lagt vekt på miljøaspektet. Bygga har ein farge som glir inn i naturen, og har villmarkspanel og torvtak.
  • Kraftstasjonen er fundamentert på lausmassar. Det har gått med ca. 100 m3 betong i fundamenta for å oppta kreftene frå røyrgata.
  • Turbinen vert utsett for ei kraft på 150 tonn som skal overførast til fundamentet ved bråe stans
  • Det leverte utstyret har så langt stått til forventningane. Effekten ut frå generator er ca. 50 kW meir ved fullast enn leverandøren garanterte.
  • Vi har pr. 31.12.2006 produsert ca. 19,8 GWh. Etter 1,5 år i drift tilsvarar dette ein midlare årsproduksjon på over 13 GWh.
  • Ein kuriositet: På 1,5 år har Dale Kraft AS produsert over 3 gonger så mykje elektrisk kraft som grendi Dale med 6 husstandar har forbrukt sidan ein fekk straum for knappe 50 år sidan
  • Totalkostnad for anlegget er ca. 13,5 mill. Det gjev ein utbyggingspris på ca kr 1,25 pr. kWh.
  • Utbygginga er finansiert med lån i Sparebanken Sogn og Fjordane og lån i næringsfondet i Balestrand Kommune.
  • All produsert kraft vert seld til Statkraft.
     

 

 

Utstyrsleverandørar:

 

  • Totalleverandør av turbin, generator og kontrollanlegg er Small Tubine Partner i Trondheim
  • Turbinen er produsert i Trondheim.
  • STP hadde underleverandørar på generator og kontrollanlegg
  • Generator er levert av Componentservice i Drammen, men produsert av WEG i Brasil. Det finns ikkje norsk produserte generatorar.
  • Kontrollanlegget er levert og montert av Sinus Elektro i Stavanger.
  • Trafo er levert av Møre Trafo.
  • Høgspent- og apparat-anlegg er levert og montert av Balestrand Elektro.
  • Betongarbeidet på dam, inntak og kraftstasjon er utført av Mesta A/S.
  • Gravearbeid og røyrlegging er utført av dei lokale entreprenørane Narve Bjørk og Kristoffer Dale
  • Svanur Kristofersson har utført tømmerarbeidet på stasjonsbygning og Per Ove Mundal på inntaksbygning.
  • Dimensjoneringa av dam, inntak og kraftstasjon er utført av Bystøl AS i Vik
  • Prosjekt og byggeleiing er utført av Jan B. Thorsnes.